FIND INTERNSHIPS

Avdelingsdirektør

Posted on Jan. 4, 2026 by DeepOcean

  • Full Time

Avdelingsdirektør
Kultur- og likestillingsdepartementet

Grubbegata 1, 0179 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsdirektør SI1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk senest i overmorgen

Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein leiar til seksjonen som arbeider med statleg idrettspolitikk og utvalde tiltak innanfor statleg frivilligpolitikk.

Seksjonen har ansvar for spelemidlar til idrettsformål og samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar og for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar. Seksjonen har også ansvar for nasjonalanlegg, store idrettsarrangement og antidopingarbeidet i idretten.

Som avdelingsdirektør skal du leie og utvikle seksjonen, som består av elleve dyktige medarbeidarar. Du vil vere sentral i arbeidet med å forme og implementere regjeringa sin politikk på fagfeltet til seksjonen, og du vil samarbeide tett med både den politiske og den administrative leiinga i departementet.

Du vil ha personalansvar, noko som inneber at du skal motivere medarbeidarane dine og bidra til at dei kan utvikle seg, og du skal sikre at seksjonen leverer oppgåver av høg kvalitet.

Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er den øvste leiaren for avdelinga.

Arbeidsoppgåver
leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen
ha resultatansvar for oppgåvene i seksjonen
ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen
utvikle fagområda og medarbeidarane
bidra aktivt inn i leiargruppa og bidra til å utvikle heile avdelinga
samarbeide med den politiske leiinga i departementet og vere med og utforme og setje i verk regjeringa sin politikk på fagområdet
samarbeide med andre departement og med tilknytte verksemder, aktørar og organisasjonar på fagområdet

Det er viktig at du er fleksibel og open for endringar i porteføljen, og at du kan samarbeide på tvers av seksjonar og avdelingar.

Kvalifikasjonar

Du må ha:
høgare utdanning, primært på masternivå og fortrinnsvis innanfor jus, økonomi eller samfunnsvitskap
relevant arbeidserfaring frå offentleg verksemd, helst frå eit departement
kjennskap til offentlege avgjerdsprosessar og offentleg verkemiddelbruk og forståing for politiske prosessar
svært god munnleg og skriftleg formidlingsevne
gode leiareigenskapar

Det er ein fordel om du har:
relevant leiarerfaring
innsikt i fagområda til seksjonen og kunnskap om lov- og regelverksarbeid

Personlege eigenskapar:
Du har gode leiareigenskapar og evne til å motivere medarbeidarane dine og bidra til at dei kan utvikle seg.
Du klarer å skape gode samarbeidsrelasjonar både internt og eksternt.
Du er flink til å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid.
Du er initiativrik og utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne.
Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og kan handtere stort arbeidspress.
Du har god rolleforståing.

Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga, og på kva motivasjon du har for stillinga og arbeidsområdet.

Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for å bli tilsett.

Den som blir tilsett, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.

Vi tilbyr

Kultur- og likestillingsdepartementet har eit stimulerande arbeidsmiljø med kunnskapsrike, engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du får brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye regjeringskvartalet. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til å trene i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årsløn frå 1 060 000 kroner til 1 270 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.

Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i arbeidet med å leie og utvikle avdelinga.

Kultur- og likestillingsdepartementet er ein del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særlege behov. Aktuelle tiltak kan vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt

Du som søkjer, må vere merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du ber om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Lars Audun Granly på telefon +47 22 24 80 27.

Om avdelinga og seksjonen

Avdelinga har ansvar for den statlege idrettspolitikken, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv og koordinering og samordning av staten sitt forhold til frivillig sektor.

Avdelinga har ansvaret for å forvalte overskotet frå Norsk Tipping til idrettsformål, samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, Den kulturelle skulesekken og Frifond. I det overordna ansvaret for frivilligpolitikken ligg mellom anna ansvaret for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, Frivilligregisteret og forenkling.

Avdelinga er sett saman av to seksjonar og ein stab. Stillinga er plassert i seksjonen SI1.

Kontaktperson for stillingen

Lars Audun Granly

Ekspedisjonssjef

+47 22 24 80 27

Om bedriften

Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.

Departementet har om lag 160 tilsette, som for tida er fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.

Sektor

Offentlig

Nettsted

https://www.regjeringen.no/no/dep/kud/

Annonsedata

Stillingsnummer

c68e9ba1-8071-4236-b38c-e4094bf4e880

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10275747

Lignende annonser
Vi søker avdelingsdirektør for tilskuddsforvaltning innen kunstnerisk produksjon og formidling

Avdelingsdirektør

Arbeidsgiver

Kulturdirektoratet

Sted

Oslo

Vil du lede arbeidet som former framtidens fritidsklubber?

Avdelingsleder samfunn

Arbeidsgiver

Ungdom og Fritid

Sted

Oslo

Seksjonssjef Internrevisjon I i Forsvarsdepartementet

Seksjonssjef

Arbeidsgiver

Forsvarsdepartementet

Sted

Oslo

Advertised until:
Feb. 3, 2026


Are you Qualified for this Role?


Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job


Share with Friends!

Similar Internships


Avdelingsdirektør kontraterror

Politiets sikkerhetstjeneste Postboks 4773 Nydalen, 0421 Oslo Om jobben Stillingstittel Avdeling…

Avdelingsdirektør- Seksjon for brukerflater

Avdeling for brukeropplevelse, Nav Fyrstikkalléen 1, 0661 Oslo Om jobben Stillingstittel Avdelin…

Avdelingsdirektør/stabsdirektør

Regionskontor-stab, Bufetat Solheimsgaten 11, 5058 Bergen Om jobben Stillingstittel Avdelingsdir…

Avdelingsdirektør/fylkeslege

Statsforvaltaren i Rogaland Lagårdsveien 44, Stavanger, 4010 Stavanger Om jobben Stillingstittel…

To faste stillinger som avdelingsdirektør i Folkehelseavdelingen

Helse- og omsorgsdepartementet Teatergata 9, 0180 Oslo Om jobben Stillingstittel To faste stilli…

Avdelingsdirektør dokumentasjonsforvaltning

Leder med blikk for både historie og digital fremtid? Vi søker avdelingsdirektø…