Namsfullmektig
Posted on Jan. 24, 2026 by DeepOcean
- Northfield, Norway
- N/A
- Full Time
Kristiansund politistasjon, Storgata, 6501 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Namsfullmektig
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 8. februar
Om stillinga
Vi har ledig ei fast 100 % stilling som namsfullmektig/førstekonsulent ved vår seksjon for forvaltning og sivil rettspleie i Kristiansund.
Ei av hovudoppgåvene i denne stillinga vil vere innan utlegg. Også oppsøkjande verksemd er ein del av stillinga i samband med forkynningar og namsmannsoppgåver. Stillinga er underlagt Kristiansund politistasjonsdistrikt.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er motivert for å jobbe for klientar som kan vere i ein vanskeleg situasjon. Du er serviceinnstilt og har forståing for rolla til namsmannen i samfunnet. Du trivst også godt med å samarbeide med andre.
Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse og arbeidsmoral. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid, og bygger tillit til publikum, noe som er avgjørende for å oppnå suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
sjølvstendig saksbehandling innan sivil rettspleie - alle typar saker. Fortrinnsvis utlegg, men kan også bli pålagd oppgåver innan tyngre tvang og forlik
kontakt med eksterne etatar/samarbeidspartnarar
motta og registrere saker
rettleie publikum
hovudstevnevitne
kan bli pålagt andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
relevant høgare utdanning med til saman tre år på høgskule/universitet. Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
økonomisk vederheftigheit. Ved eventuelt intervju må du ha med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
erfaring frå sivil rettspleie, bank eller innkassoverksemd
relevant erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning eller frå privat sektor
juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
erfaring frå publikums- og kundebehandling
gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du
har gode kommunikasjonsevner
har gode samarbeidsevner
er serviceinnstilt
er initiativrik og løysingsorientert
kan arbeide sjølvstendig, systematisk og strukturert
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
fast stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 510.000 til kr. 620.000
for særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
fleksibel arbeidstid
moglegheit for trening i arbeidstida
Møre og Romsdal politidistrikt er IA-bedrift og knytt til bedriftshelsetjeneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Per Arild Dyrnes
Seksjonsleiar
+4794478339
per.arild.dyrnes@politiet.no
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Flotte fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
https://www.politiet.no/
Annonsedata
Stillingsnummer
dd59f8d4-98c4-4134-a0f6-27019e1c86c3
Sist endret
22. januar 2026
Hentet fra
jobbnorge
Referanse
10278393
Lignende annonser
Etterforskar innan internettrelaterte saker
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Kristiansund N
NAV Kristiansund
Veiledere
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Nav Kristiansund
Sted
Kristiansund N
Overlege psykiatri
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N
Advertised until:
Feb. 23, 2026
Are you Qualified for this Role?
Click Here to Tailor Your Resume to Match this Job
Share with Friends!
Similar Internships
No similar Intern Jobs at the Moment!